Vi har oppretta Google+ side for kennelen. Den er ikkje så komplett og innhaldsrik som nettsida ellers, men det kjem seg etter kvart. Denne er blant anna oppretta for enklare å laste opp bilde, og for å vise oss fram på sosiale media. For dei som ikkje kjenner til Google+ så er det eit sosialt nettverk som kan samanlignast med facebook, men som likevel ikkje er heilt det same som facebook.
Vi jobbar også med vidareutvikling av nettsida, dette kjem meir info om etter kvart.
Har etter en kald vinter no lagt ut for salg hundane vi skulle selge. Akita har vi allereide lovd vekk til smistua husky, og vi har også vore i kontakt med andre om kjøp av hundar. Regnar med vi har redusert det vi treng innen mai måned er over, og satsar på å ha litt bedre tid til dei hundane vi sitt igjen med utover sommaren og hausten, og kansje også litt bedre kontroll på spannet.
Grunna ein jobb som har tatt alt for mykje tid, og ein bil som har hatt problem med blant anna bremser, har det blitt så lite trening på hundane at vi ikkje har meldt oss på nåke løp denne sesongen. Vi har bestemt oss for å selge og gi vekk nokre av hundane, slik at vi har litt ferre å jobbe med når vi først har tid. Vi har eit håp om at med ny jobb og ferre hundar blir det tid til meir hundekjøring utover året.
Velkommen til Spirit Of Winter
Dette er vår side om oss, hundene våre og hundekjøring.